About this role
DPS Døgn psykose har ledig 100% vikariat for sjukepleiar/sjukepleiar med relevant vidareutdanning. Vikariat frå snarast til og med august 2027.Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord/Ytre Sogn. Klinikken har også sentralsjukehusoppgåver med ØH plikt og tverrfagleg spesialisert ruseining. Avdelinga har om lag 185 årsverk og er lokalisert i Førde og Florø.DPS Døgn psykose har 8 døgnplassar og 1 brukarstyrt plass. Vi er ein open spesialisert post for pasientar med psykoselidingar. Vi tek imot pasientar frå Sunnfjord og Ytre Sogn. Hovudoppgåva er utgreiing, behandling og rehabilitering med fokus på miljøterapi. DPS Døgn psykose tek imot pasientar til både frivilleg og tvungen psykisk helsevern. Vi tilbyr ein lærerik arbeidskvardag i eit inkluderande arbeidsmiljø.