Now hiring

Utviklingsdirektør @ Helse Førde

FørdeOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Helse Førde har frå 01.11.2026 ledig stilling som utviklingsdirektør. Utviklingsdirektøren har ansvar for stabsområdet Fag og utvikling, som omfattar seksjonane Arkiv og dokumenthandtering, Forsking og innovasjon, Kompetanse og utdanning, Kvalitet og pasienttryggleik, Samhandling og Senter for kliniske fagsystem. Stabsområdet har eit driftsbudsjett på om lag 85 millionar kroner og rundt 60 tilsette. Det har ei sentral rolle i utviklingsarbeid, kvalitetsforbetring og pasienttryggleik på tvers av føretaket.Helse Førde er ei av dei største verksemdene i regionen og tilbyr spesialisthelsetenester til innbyggjarane i Sogn og Fjordane. På nettsida vår finn du meir informasjon om verksemda: Helse Førde.Stillinga er lokalisert i Sunnfjord kommune, ein attraktiv og vekstkraftig kommune midt mellom fjord og fjell. Kommunen tilbyr varierte bustadområde, gode oppvekstvilkår og rike kultur- og friluftsmoglegheiter. Du kan lese meir om kommunen her: Sunnfjord kommune.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores