About this role
Vi søkjer engasjerte sjukepleiarar til Kirurgisk sengepost ved Førde sentralsjukehus.Ledige stillingar 1 x 100% fast stilling: oppstart frå snarast eller etter nærare avtale2 x 100% vikariat: 18.01.2027 - 16.01.2028 1 x 100% vikariat frå snarsat - 31.08.2027Vi ber om at du opplyser i søknaden kva stilling du søkjer på, eller om du ønskjer å bli vurdert for alle stillingane. Er du klar for ein kvardag med høgt tempo, fagleg utvikling og eit sterkt fellesskap? Då kan dette vere stillinga for deg! Kirurgisk/ØNH/auge sengeposten ved Førde sentralsjukehus (FSS) er ein kombinert heildøgn- og femdøgnspost der heildøgnsposten har 16 sengeplassar og femdøgnsposten 8 sengeplassar. Vi tek imot både elektive pasientar og pasientar med behov for augeblikkeleg hjelp innan eit breitt spekter av kirurgiske fagområde: Augekirurgi👁 Endokrinkirurgi🧠 Gastrokirurgi 🍽 Karkirurgi🫀Plastikkirurgi🧬Thoraxkirurgi🫁 Urologi💧 Øyre-nase-hals-kirurgi (ØNH)👂 Vil du bli ein del av vårt team?Arbeidsturnusen er tredelt, med moglegheit for langvakter. Hos oss får du arbeide med dyktige kollegaer og vere ein viktig del av eit tverrfagleg team som samarbeider tett for å gi pasientane best mogleg pleie og behandling. Send inn søknad i dag og bli med på å forme framtidas kirurgiske behandling ved Førde sentralsjukehus!