About this role
🩺 Vil du vera med og vidareutvikla diabetesoppfølginga vår, og samtidig bli ein del av eit breitt medisinsk fagmiljø?Ved Medisinsk poliklinikk på Stord sjukehus har vi ledig 50 % stilling som diabetessjukepleiar. Stillinga vert kombinert med 50 % stilling på sengepost med helgearbeid, slik at ho til saman utgjer ei 100 % stilling.💙 Ved Medisinsk poliklinikk møter du eit breitt spekter av pasientgrupper og fagområde. I tillegg til diabetes arbeider vi innan hjarte-, lunge- og gastrofaget, og følgjer opp ei stor gruppe pasientar med IBD og andre pasientar som treng infusjonsbehandling Vi har også dialyse og onkologisk dagbehandling ved avdelinga vår.Hos oss får du ein variert arbeidskvardag, tett samarbeid med dyktige kollegaer og gode moglegheiter for fagleg utvikling.Er dette noko for deg? Send inn søknaden din allereie i dag!