About this role
Kjenner du deg igjen?Ei av våre ansatte skal ut i permisjon, og vi er difor på jakt etter deg! Du likar å vere der for pasientane – i både medgang og motgang – og har eit sterkt ønske om å utvikle deg fagleg. Når du ser at innsatsen din gjer ein forskjell for andre, trivst du best. Du handterer krevjande situasjonar med ro, samarbeider godt med kollegaer frå ulike fagfelt og ønskjer å vere del av eit fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement.Variasjonen er stor hos oss – du jobbar til dagleg på kreftpoliklinikken, og kvar fjerde helg er du på sengepost og følgjer opp pasientane der. Slik får du ein fin kombinasjon av tryggleik, læring og pasientnær erfaring.Her får du moglegheita til å gjere ei skilnad i livet til pasientar og pårørande som står i ein krevjande livssituasjon – noko som gjer arbeidet både meiningsfullt og lærerikt.Vi har spennande tider i vente! I 2027 flyttar vi inn i toppmoderne lokale – og blir del av ei ny, framtidsretta kreftavdeling for både poliklinikk og sengepost.👉 Vil du vere med på reisa vidare? Send oss søknaden din – vi gler oss til å bli kjent med deg!