About this role
Dialysen ved Førde sentralsjukehus har ledig fast stilling som seksjonsleiar frå 01.11.2026. Vi søkjer ein engasjert leiar som ønskjer å vidareutvikle eit fagleg sterkt og viktig behandlingstilbod for pasientar med nyresjukdom.Dialyseseksjonen gir livsnødvendig behandling til pasientar med behandlingstrengande nyresvikt, og tilbyr dialysebehandling til pasientar med både akutt og kronisk nyresvikt. Seksjonen tilbyr både hemodialyse og peritonealdialyse.Det er eit tett samarbeid mellom dei tre sjukehusa i Helse Førde innan dialyse. Dialysen ved Førde sentralsjukehus har eit særleg ansvar for oppfølgjing og koordinering av pasientar i heile nedslagsfeltet, og bidreg til opplæring og fagleg utvikling.Seksjonen har totalt 9,4 årsverk, inkludert fagutviklingssjukepleiar. Stillinga inngår i leiargruppa i Medisinsk avdeling. Avdelingssjef er næraste overordna.