About this role
Fjord1 har no ei ledig stilling som matros i sambandet Fedje-Sævrøy, pt. trafikkert av vår flotte el-ferje MF Fedjebjørn. Turnusordninga er 2 veker på og 2 veker fri - ei ordning som gir god balanse mellom jobb og fritid. Under arbeidsperiodane bur du om bord. Som matros blir du ein del av eit dyktig team som sørgjer for trygg og effektiv drift. Du handterer lasting og lossing på ein sikker måte, held utkikk og bidreg til vedlikehald som sikrar at alt fungerer som det skal. Hos oss får du ein variert kvardag saman med gode kollegaer.Arbeidsgjevar dekker reiseutgifter mellom heim og arbeidsstad etter dei retningslinjene som er fastsette.Tilsetjing skjer etter avtale, med ønske om oppstart så snart som mogleg. Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande.