About this role
Vi søker no etter ein dekkssjef som vil vere ein del av vår ressursgruppe for våre samband i region Vestland. I denne stillinga vil du ha fast turnus og grunnlønn, med ei ordning på 2 veker arbeid og 2 veker fri, noko som gir god balanse mellom jobb og fritid.Som ambulerande dekkssjef vil du bidra til å sikre kontinuitet og stabil drift på tvers av fleire samband, og reservefartøy. Arbeidskvardagen blir variert, med ulike fartøy, ruter og utfordringar, noko som krev at du er erfaren, dyktig og trygg i rolla som dekkssjef. I stillinga er det ein føresetnad at du disponerer eigen bil då arbeidet omfattar teneste på fleire samband på Vestlandet. Fjord1 dekker reiseavstand som overstig 15 km mellom arbeidsstad og bustad, etter dei retningslinjene som er fastsette. Du må og vere busett i regionen eller sjølv kunne sørgje for ein stad å bu, då rederiet ikkje tilbyr bustad. Stillinga gir deg ein variert kvardag der du får rikeleg høve til å bruke dine leiareigenskapar og erfaring. Dette er ei rolle med stort ansvar og moglegheiter for å påverke den daglege drifta av fartøya. Ønskeleg med oppstart snarest, men dette avtalast nærare. Aktuelle kandidatar vert kontakta fortløpande.