About this role
Fjord1 har no ledig stilling som dekkssjef på hurtigbåtane som trafikkerer sambandet Kleppestø-Strandkaien (Askøyruta). Skiftordning: 12 dagar på og 16 dagar av. Veke 1 av arbeidsperioden: måndag-laurdag.Veke 2 av arbeidsperioden: måndag-fredag. Du kan reise heim etter endt vakt, men vi tilbyr også hybel i arbeidsperioden for dei som ønsker dette.I Fjord1 får du ein trygg arbeidsplass i eit selskap som tenkjer framover, eit samansveisa og støttande kollegamiljø, og ein fleksibel turnus som gir deg god balanse mellom arbeid og fritid.Ønskeleg med oppstart så snart som mogleg, men dette blir avtalt nærare med aktuell kandidat. Relevante kandidatar blir kontakta fortløpande.