Now hiring

Rekrutteringsstipend/ skrivestipend innan forsking @ Helse Fonna HF

HAUGESUNDOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

For å stimulere til meir forsking, har Helse Fonna etablert ei ordning med rekrutterings-/skrivestipend retta inn mot medarbeidarar som ønskjer å søkje ekstern finansiering til forskningsprosjekt. Stipendet er retta inn mot medarbeidarar som vil søkje doktorgrads- eller forskarstipend frå Helse Vest med frist 15. september 2027.Rekrutterings-/skrivestipendet tek sikte på å styrke forskarrekrutteringa, og å få fram søknadar med god kvalitet og nytte. Stipenda vil gje moglegheit for 20% avsett tid til søknadsskriving i inntil 6 månadar.Dei som får stipenda vil få regelmessig rettleiing i søknadsskriving.Det vert stilt krav om at dei som får stipend sender søknad om regionale forskingsmidlar (Helse Vest) RHF hausten 2027.Søknaden må innehalde ei kort prosjektskisse med problemstilling og prosjektet sitt formål (maks to A4 sider, inkludert figurar og referansar). Dersom prosjektet er tilknytta eit forskingsmiljø, bør dette komme fram i søknaden. Helse Fonna har forskingsgrupper innan mental helse, avhengighet og nevroutviklingsforstyrrelser, innan eldremedisin og innan indremedisin. Ta kontakt med forskingsavdelinga om du ynskjer å delta i prosjekt/utvikle eigne prosjekt knytt til desse forskingsgruppene. Helse Fonna ønskjer å styrke samarbeidet med universitet og høgskule i regionen. Ved vurdering av søknadar vil slikt samarbeid bli vekta positivt.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores