About this role
Skopi-urologi-operasjonspoliklinikk har ledig eit 100 % vikariat for sjukepleiar i 6 mnd, med moglighet for forlenging. Om stillinga: Som sjukepleiar hos oss blir du ein del av eit engasjert og tverrfagleg team som arbeider med utgreiing, behandling og oppfølging av vaksne og barn innan fleire kirurgiske fagfelt. Denne stillinga innebærer å jobbe med fleire kirurgiske fagfelt, melom anna urologi, kirurgisk gastro, endokrin, bryst, kar, generell- og plastikkirurgi. Arbeidet er sjølvstendig og variert, samtidig som du samarbeider tett med legar og andre faggrupper. Du får ein arbeidskvardag med stor fagleg breidde og gode moglegheiter til å utvikle kompetansen din innan fleire spennande fagområde. Om poliklinikken Vi er ein stor poliklinikk med 22 tilsette og har eit breitt samansett fagmiljø. Hos oss arbeider mellom anna uroterapeutar, stomi- og kontinenssjukepleiarar, gastrosjukepleiarar, sjukepleiarar, operasjonssjukepleiar og fedmekoordinator. Arbeidstida vår er kl 08:00 - 15:30. I tillegg til dei kirurgiske fagområda driv vi med medisinske skopiar og assisterer ved ortopediske operasjonar. Vi har også ansvar for kvilesona, eit nyetablert tilbod for pasientar i Helse Førde. Hos oss blir du del av eit aktivt og engasjert fagmiljø der du får moglegheit til å lære mykje og utvikle deg fagleg på tvers av ulike spesialområde. Kven ser vi etter? Trivst du med ein variert arbeidskvardag, høgt tempo og sjølvstendig arbeid – samtidig som du set pris på godt samarbeid og eit kjekt arbeidsmiljø? Då håpar vi du vil søkje hos oss! Ta gjerne kontakt for ein uformell prat dersom du ønskjer å vite meir om stillinga. Velkommen til Helse Førde. Arbeidsoppgåver Arbeid med fagfelta urologi-, gastro-, endokrin-, mamma-, kar-, generell- og plastikkkirurgi. Møte menneske i ulike fasar av sjukdomsforløpet som skal til utgreiing og/eller vidare behandling. Førebu og assistere ved ulike behandlingar og operasjonar i lokalbedøvelse. Arbeid i kvilesona ved å ivareta pasient før/under/etter behandlinga og i samband med ulike undersøkingar. Handtere instrument og utstyr før, under og etter undersøking og behandling. Ha sjølvstendige pasientkonsultasjonar. Kvalifikasjonar Autorisasjon som sjukepleiar Søkjar med erfaring innan kirurgisk- og ortopedisk fagfelt og poliklinikk kan verte føretrekt Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar Sjøvstendig og ansvarsbevisst Fleksibel Løysingsorientert Er fagleg engasjert og ønskjer utvikling Må trivast i eit travelt og aktivt miljø Positiv og samarbeidsvillig Gode kommunikasjonsevner Personlege eigenskapar vert vektlagt Vi tilbyr Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar og leiing Fagleg og personleg utvikling Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonMarie Fossheim, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 219 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5181217210 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 02.11.2026 Søknadsfrist: 02.10.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.