Now hiring

Overlege, spesialist i psykiatri  Regional avdeling spiseforstyrringar @ Helse Bergen HF, Divisjon psykisk helsevern

BergenOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Regional avdeling spiseforstyrringar (RAS) er ein av fem avdelingar i Psykiatrisk klinikk, Divisjon psykisk helsevern. Tre avdelingar er lokalisert ved Sandviken sjukehus: Avdeling stemningslidingar, Avdeling psykiatrisk akuttmottak (PAM) og Avdeling spesialisert psykosebehandling. To avdelingar er lokalisert i Glasblokkene på Haukelandsområdet: Avdeling psykosomatisk medisin og Regional avdeling spiseforstyrringar.Psykiatrisk klinikk har som ambisjon å vere eit fyrtårn innan psykisk helsevern. Vårt mål er at Regional avdeling spiseforstyrringar skal vere leiande i fagfeltet. Som overlege ved RAS vil du ha behandlingsansvar for pasientar i sengepost og bistå med veiledning i vårt tverrfaglige Responsteam. Du vil jobbe tett med eit høgspesialisert fagleg team saman med overlege, psykologspesialistar/psykologar, sosionom, klinisk ernæringsfysiolog og sjukepleiarar/psykiatriske sjukepleiarar. Teamet har fokus på gode pasientforløp på tvers av behandlingsnivå i Helse Vest. RAS er ei av fire regionale einingar i Noreg, og gjev behandlingstilbod til pasientar med alvorlege spiseforstyrringar i Helse Vest. Avdelinga har eit døgntilbod med åtte sengeplassar samt eit eit tverrfagleg Responsteam, som tilbyr rettleiing til behandlarar og behandlingsteam i saker med alvorlege spiseforstyrringar i regionen. Vi har ansvar for utvikling av kompetanse innan spiseforstyrringar i Helse Vest. Kvalitetsarbeid og forsking er sentrale satsingsområde, og avdelinga har ei forskningsgruppe i samarbeid med Psykisk helsevern for barn og unge.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores