Now hiring

Pasientkoordinator @ HELSE MØRE OG ROMSDAL HF HABILITERING BARN OG UNGE ÅLESUND

NO0A3, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Er du ein innovativ og utviklingsorientert pasientkoordinator som er engasjert i kvalitetsforbetring, digitalisering og vidareutvikling av framtidas polikliniske tenester? Då kan kanskje denne stillinga vere noko for deg! Vi har nemleg no ledig eit 80% vikariat som pasientkoordinator ved Poliklinikk barn og ungdom Volda og Ålesund. Oppstart etter avtale fram til 1.februar 2026. Poliklinikk barn og ungdom er ein seksjon i Avdeling for kvinner, barnemedisin og habilitering, og er organisert i Klinikk Ålesund. Seksjonen yter helsehjelp i forhold til utgreiing, diagnostisering og behandling innan fagfeltet barnemedisin. Vi har eit godt fagleg miljø, samt eit godt arbeidsmiljø der pasienten er i fokus. Tilsette i seksjonen er samansett av spesialsjukepleiarar, klinisk ernæringsfysiolog, sosionom og merkantilt personell. Seksjonsleiar er nærmaste leiar for desse faggruppene. Arbeidsoppgåver Administrere ventelister Pasientadministrative oppgåver: koordinering, elektronisk handtering av post, dokumentasjonsarbeid, tilvisingar, ventelister, timeoppsett og telefonarbeid Registrering i vårt datasystem Helseplattformen IKAP prosedyrar Koordinere elektive innleggingar på sengeposten og nyfødt intensiv Kontroll på styringsinformasjon Ordinert sekretærarbeid, samarbeid med sekretærane i poliklinikken Kvalifikasjonar Erfaring som helsesekretær er ønskeleg, evt. anna relevant helsefagleg utdanning/erfaring Erfaring som pasientkoordinator Medisinsk forståing/kompetanse for ulike prosedyrar Arbeidserfaring frå sjukehus og innehar ei forståing for pasientflyten i eit sjukehus Du har gode datakunnskapar Efaring med Helseplattformen Du viser gode framstillingsevner, - både munnleg og skriftleg er nødvendig Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk Personlege eigenskapar Du har god serviceinnstilling til kollega, pasientar og pårørande Du er fleksibel og handterar variasjon i arbeidsmengde og arbeidsoppgåver Du er strukturert, nøyaktig og har god orden Du kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner Du har ei positiv haldning til varierte arbeidsoppgåver Du har gode datakunnskapar Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilseting Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. KontaktinformasjonIngvill Hareide, Seksjonsleiar, [email protected] ArbeidsstadÅsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5175578987 Stillingsprosent: 80% Vikariat Søknadsfrist: 20.09.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores