About this role
Er du helsefagarbeidar og på jakt etter ein jobb der du får brukt både fagkunnskap, omsorg og samarbeidsevner? På Bremanger sjukeheim har vi no ledig ei fast 100% helsefagarbeidarstilling i bemannigsbasen, og vi ønskjer oss ein kollega som vil vere med og skape gode dagar for pasientane våre.Hos oss får du ein variert arbeidskvardag der du lærer mykje på kort tid. Sjukeheimen har 35 bueiningar fordelt på tre avdelingar – ei av dei er spesielt tilrettelagt for personar med demens, og vi har også eit lindrande rom. Du blir ein del av eit fagmiljø som jobbar tett saman, og som set pris på humor, støtte og gode kollegaer.Vi jobbar i årsturnus, og du får vere med og påverke både arbeidstid og fritid.