About this role
Er du helsefagarbeidar og ønskjer deg ei trygg, fast stilling i eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø? Bremanger sjukeheim har no ledig 100% fast stilling som helsefagarbeidar.Hos oss får du ein variert arbeidskvardag der du lærer mykje på kort tid. Sjukeheimen har 35 bueiningar fordelt på tre avdelingar – ei av dei er spesielt tilrettelagt for personar med demens, og vi har også eit lindrande rom. Du blir ein del av eit fagmiljø som jobbar tett saman, og som set pris på humor, støtte og gode kollegaer.Vi jobbar i årsturnus, der er moglegheiter til langvakter og du får vere med og påverke både arbeidstid og fritid.