About this role
Er du sjukepleiar som ønskjer å bruke fagkunnskap og medmenneskelegheit for å skape tryggleik, trivsel og meistring i kvardagen til andre? Då håpar vi du vil bli med oss på Svelgen Omsorgssenter!Svelgen Omsorgssenter er moderne, lyst og heimekjent – ein plass der pasientane bur trygt og godt. Som medarbeidar får du ein nytenkjande og tilrettelagd arbeidsplass, der fagmiljøet deler kunnskap, støttar kvarandre og saman skaper gode opplevingar kvar dag.Vi har 48 bueiningar fordelt på fem avdelingar, organisert etter diagnosar og ulike hjelpebehov, inkludert eige lindrande rom. Sjukepleiarane våre deltek òg i eit spennande legevaktsatellitt-tilbod som gir fagleg variasjon og utvikling.Vi arbeider i årsturnus, og du får påverke eigen arbeids- og fritid. Dette er ei stilling for deg som ønskjer stabilitet, fagleg utvikling og eit arbeidsmiljø som vil deg vel.