About this role
Vil du vere med og forme framtida til Gloppen? Gloppen kommune skal gå i gang med å utarbeide kommuneplanen sin samfunnsdel og ny planstrategi for den kommande valperioden. Arbeidet med samfunnsdelen vil starte opp i byrjinga av 2027 og skal vere vedteken i utgangen av 2028. Kommuneplanen sin samfunnsdel skal gje retning for den langsiktige utviklinga av kommunen og vil vere eit av dei viktigaste styringsverktøya både politisk og for kommunen som verksemd. Arbeidet vil skje i tett dialog med politikarar, administrasjonen, kommunale tenester, innbyggjarar, næringsliv, frivillig sektor og andre relevante aktørar. Vi søkjer etter ein engasjert og strukturert prosjektleiar for ei 100 % prosjektstilling i to år. Prosjektstillinga inneber ansvar for å leie og koordinere arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel. Vi ser etter deg som har god kompetanse frå å leie planprosessar og som gjerne har erfaring frå offentleg sektor. Du vil bli ein del av tenesteområdet Plan, byggesak og oppmåling, som består av fem tilsette med ansvar for mellom anna byggesak, oppmåling, areal- og samfunnsplanlegging, handsaming av private reguleringsplanar, matrikkelføring mm. Tenesta er underlagt kommunalområdet Samfunn og berekraft, som i tillegg til plan, byggesak og oppmåling består av tenesteområda eigedom, kommunalteknikk, landbruk, kultur, og brann og redning.