About this role
Hei, vil du vere med på laget i ei framtidsretta teneste? 😊 Vi søkjer etter ein engasjert og dyktig sjukepleiar/vernepleiar som ynskjer å vere ein del av ei teneste med visjonen «saman blir vi sterkare». Vi søkjer etter deg som har ynskje om å vere ein viktig verdiberar knytt til kunnskap, omsorg, mot og tillit.
Vi har ledig eit års vikariat for sjukepleiar eller vernepleiar ved skjerma avdeling, moglegheit for forlenging. Skjerma eining er ei avdeling som er spesielt tilrettelagt for personar med moderat til alvorleg grad av demens. Det blir arbeidd med personsentrert omsorg og VIPS-modellen som verktøy. Avdelinga er i nytt bygg og har ti einerom. Avdelinga består også av to stover og fleire sitjegrupper i korridorar og vandregang. Vi har sansehage og overbygd stor veranda.