Now hiring

Fysioterapeut/spesialfysioterapeut @ Helse Førde

FørdeOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Seksjonen Klinisk fysioterapi og førebygging har ledig 100 % fast stilling som fysioterapeut/spesialfysioterapeut. Arbeidsstad: Førde sentralsjukehusOppstart: 04.01.2027Om stillingaEin av våre dyktige spesialfysioterapeutar går over i ei anna stilling i seksjonen, og vi har derfor behov for å styrke teamet vårt. Arbeidet vil i hovudsak vere retta mot spesialisert rehabilitering, samt arbeidsoppgåver i andre avdelingar ved behov. Som fysioterapeut vil du vere ein del av eit sterkt tverrfagleg team rundt pasientar som får spesialisert rehabilitering på sjukehuset. Rehabiliteringsavdelinga har åtte sengeplassar. Vi oppmodar også nyutdanna til å søkje.Om seksjonen Klinisk fysioterapi og førebygging er organisert i medisinsk klinikk, under avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering. Seksjonen har 23 stillingar og gir tenester til alle somatiske avdelingar ved Førde sentralsjukehus, Nordfjord sjukehus og Lærdal sjukehus.Vi har eit sterkt fagmiljø med engasjerte medarbeidarar med variert erfaring og kompetanse. Seksjonen har eit tydeleg fokus på fagutvikling, kunnskapsdeling og bruk av nye teknologiske løysingar. I tillegg til driftsoppgåver og dagleg pasientbehandling er fleire tilsette aktive innan innovasjon, tenesteutvikling og kontinuerleg forbetringsarbeid. Saman arbeider vi for å utvikle moderne, framtidsretta og berekraftige helsetenester til beste for pasientane. Vi er opptekne av eit godt arbeidsmiljø, der samarbeid, fagleg nysgjerrigheit og trivsel står sentralt.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores