About this role
Vi søkjer sjukepleiarar til ortopedisk sengepost ved Førde sentralsjukehus: 2 x 100 % fast stilling, oppstart etter avtale 1 x 50 % fast stilling, oppstart etter avtale 1 x 100 % årsvikariat, oppstart etter avtale Oppgje gjerne i søknaden kva for stilling(ar) du ønskjer å bli vurdert for, og om fleire av dei utlyste stillingane kan vere aktuelle. Vi tek gjerne imot søknad frå deg som blir ferdig utdanna sjukepleiar til jul 2026. ArbeidstidStillinga inngår i 3-delt turnus.Arbeid kvar tredje helg. Om avdelingaOrtopedisk sengepost har over tid jobba målretta med opplærings- og mentorprogram for å gi nytilsette ein trygg og god start. Vi set stor pris på å få nye kollegaer! Avdelinga har ei god blanding av erfarne og nyare pleiarar, noko som bidreg til at det er eit sterkt læringsmiljø og alltid ein kollega som kan hjelpe deg når du treng det.Ortopedisk sengepost ved Førde sentralsjukehus er ein spennande arbeidsplass med stor pasientvariasjon. Vi held til i moderne og funksjonelle lokale i Livabygget og har om lag 43 årsverk fordelt på sjukepleiarar, hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar og assistentar. Hos oss blir du ein del av eit fagmiljø der samarbeid, fagutvikling og pasienttryggleik står sentralt. Vi legg vekt på god opplæring, kunnskapsdeling og støtte i kvardagen, slik at både nyutdanna og erfarne sjukepleiarar skal kjenne seg trygge og utvikle seg fagleg.Som sjukepleiar ved ortopedisk sengepost får du ein variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar og eit breitt spekter av ortopediske problemstillingar. Du får arbeide tett saman med ulike faggrupper og vere ein viktig del av pasientforløpet frå innlegging til utskriving.Ved sengeposten behandlar vi pasientar innan: traumatologihandkirurgiskulderkirurgiprotesekirurgi – hofte, kne, skulderfotkirurgiryggkirurgiDette gir deg moglegheit til å byggje brei kompetanse innan ortopedisk sjukepleie i eit aktivt og lærerikt miljø.Førde - Sunnfjord kommune Førde er administrasjonssenteret i Sunnfjord kommune og den største byen i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Her finn du flyplass, godt kollektivtilbod og kort veg til både Bergen og Ålesund. Byen har eit breitt tilbod innan handel, kaféar og kultur, med konsertar, arrangement og kunst.Førde ligg midt i vakker vestlandsnatur, med kort veg til både fjord, fjell og kyst. Her ligg det godt til rette for friluftsliv som fjellturar, ski, sykling og aktivitetar på sjøen.Les meir om kommunen og kva vi kan tilby deg i regionen vår: Sunnfjord kommune