Now hiring

Seksjonsleiar medisinsk legeteneste ved Førde sentralsjukehus @ Helse Førde

FørdeOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med og vidareutvikle framtidas medisinske tenester i Helse Førde?Vi søkjer ein engasjert og framtidsretta seksjonsleiar for medisinsk legeteneste ved Førde sentralsjukehus frå januar 2027. Dette er ei spennande leiarstilling i eit stort og breitt fagmiljø med høg kompetanse, sterkt engasjement og eit viktig samfunnsoppdrag.Medisinsk avdeling er den største avdelinga i Helse Førde og har ansvar for sengepostar, poliklinikkar, akuttmottak, observasjonspost og dialysebehandling. Avdelinga har ei sentral rolle i pasientbehandlinga ved sjukehuset og samarbeider tett med både andre avdelingar og kommunehelsetenesta.Legegruppa er aktiv innan fagutvikling, kvalitetsarbeid, utdanning og innovasjon. Vi er godkjend utdanningsinstitusjon innan fleire medisinske spesialitetar og legg stor vekt på å utvikle framtidas legar. Frå hausten 2028 tek vi imot dei første studentane gjennom satsinga «Vestlandslegen», noko som vil styrkje fagmiljøet ytterlegare.Som seksjonsleiar får du ei sentral rolle i vidareutviklinga av legetenesta og blir ein del av leiargruppa i medisinsk avdeling. Du vil samarbeide tett med fagansvarlege overlegar, utdanningsansvarleg overlege og avdelingssjef, og vere med på å forme tenestene for framtida.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores