About this role
🌟 Vil du vere med og skape tryggleik, håp og meistring?Eining for sikkerheit og rehabilitering har ledig fast stilling som sjukepleiar. Avdelinga er ei spesialeining med åtte døgnbehandlingsplassar for kvinner og menn. To av plassane er for kvinner med valds- og farlegheitsproblematikk, medan fire plassar er tilrettelagde for forsterka rehabilitering av pasientar med sikkerheitsproblematikk. Dei resterande plassane er for pasientar med behov for forsterka rehabilitering.🤝 Gjennom kartlegging og utgreiing tilpassar vi behandlinga til den enkelte pasienten sitt sjukdomsbilete, evner og ressursar. Behandlinga kan omfatte legemiddel, samtaleterapi, miljøterapi, fysisk aktivitet og tiltak som fremjar livsmeistring.Brukarmedverknad står sentralt i arbeidet vårt, og vi legg vekt på å skape trygge rammer som støttar utvikling, meistring og rehabilitering.👉 Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar vi å høyre frå deg. Søk no og bli ein del av vårt fagmiljø!