About this role
❤️ Bli ein del av vårt engasjerte intensivteam!Ønskjer du å utvikle deg innan intensivsjukepleie og få verdifull erfaring i eit spennande og høgt kompetent fagmiljø? Då kan dette vere moglegheita for deg.Hos oss får du arbeide tett på kritisk sjuke pasientar i ei moderne intensivavdeling, samtidig som du blir ein del av eit inkluderande team med stort fagleg engasjement. Stillinga gir ei unik moglegheit til å bli kjent med intensivfaget og vurdere vidare utdanning innan intensivsjukepleie.📍 Stillinga er i 3-delt turnus med arbeid kvar tredje helg.Intensiveininga er ei kombinert intensiv- og postoperativ avdeling og er ein del av Anestesi-, intensiv- og operasjonsavdelinga i Kirurgisk klinikk.✨Hausten 2021 flytta vi inn i heilt nye og moderne lokale ved Haugesund sjukehus, med utstyr og fasilitetar som legg til rette for avansert pasientbehandling, fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø.Kjenner du deg igjen i dette? Då håpar vi du søkjer!