Now hiring

Overlege i psykiatri @ Helse Fonna HF

ValenOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

🌿 Vil du vere med og forme framtida innan psykisk helsevern?Hos Folgefonn DPS blir du ein del av eit levande, inkluderande og tverrfagleg behandlingsmiljø der fagleg kvalitet, samarbeid og utvikling står i sentrum. 💙 Vi tilbyr eit breitt spekter av behandlingstilbod innan psykisk helsevern og rusbehandling (TSB), med lokasjonar på Valen og i Odda. Her møter du eit sterkt fagmiljø med overlegar i psykiatri, psykologspesialistar, LIS-/ALIS-legar, psykologar under spesialisering og høgskuleutdanna medarbeidarar med vidareutdanning. Saman arbeider vi for å gi innbyggjarane i Kvinnherad og Ullensvang eit godt, heilskapleg og framtidsretta behandlingstilbod.🚀 Vi er inne i ei spennande utviklingsfase der vi vidareutviklar både polikliniske tilbod og døgnbehandling. No har vi ei ledig stilling ved Allmennpsykiatrisk poliklinikk, og dette gir deg ei unik moglegheit til å vere med og påverke fagutviklinga, bidra med nye perspektiv og vere ein del av eit miljø som er oppteke av læring, kvalitet og nytenking.📍 Arbeidsplassen vil vere på Valen, anten i poliklinikk eller døgnseksjon. Dersom du ønskjer ein meiningsfull arbeidskvardag med faglege utfordringar, engasjerte kollegaer og gode moglegheiter for vidare utvikling, håpar vi å høyre frå deg.✨ Intervju kan bli gjennomførte fortløpande i utlysningsperioden.Velkomen til Folgefonn DPS – der fag, utvikling og engasjement møtest!

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores