About this role
Ved Kviteseid omsorgssenter er fylgjande stilling ledig:Helsefagarbeidar 60% fast ved skjerma avdeling, frå d.d.Stillinga er i turnus, 35,5 t/v med arbeid kvar 3 helg.Vil du vere med og skape trygge og gode dagar, for menneske med demens eller kognitiv svikt? På skjerma avdeling ved Kviteseid omsorgssenter søkjer vi ein fagleg engasjert helsefagarbeidar som trivst med struktur, aktivitet og relasjonsbygging – og som har lyst til å vere ein viktig del av eit lag som spelar kvarandre gode.