About this role
Vestland fylkeskommune er mellom dei største offentlege oppdragsgjevarane i regionen, og søkjer strategisk innkjøpar til innkjøpsseksjonen. Kontorstad for denne stillinga er Leikanger.Innkjøpsseksjonen har ansvar for samordning, oppfølging og utvikling av innkjøpsområdet i fylkeskommunen. I tillegg har seksjonen ansvar for tilrettelegging og bruk av IKT-verktøy i samband med innkjøpsverksemda. Seksjonen har totalt 21 medarbeidarar og er organisert i ei eining for operativt innkjøp, ei for strategisk innkjøp og ei for avtaleforvaltning. 16 av medarbeidarane har kontorplass i Vestlandshuset i Bergen sentrum og 5 har kontorplass i Leikanger, ein liten halvtime frå Sogndal med bil eller buss.