About this role
Barne- og ungdomsavdeling (BUA), sengepost og poliklinikk, har ledig fast stilling for spesialsjukepleiar/sjukepleiarar frå 01.01.2027. Barne- og ungdomsavdelinga er ein spennande arbeidsplass med eit breitt fagfelt og spesialisthelsetenesteansvar for barn og unge i alderen 0–18 år.Sidan våren 2026 har sengepost og poliklinikk vore samlokalisert og organisert i ein felles seksjon. Dette legg til rette for tett tverrfagleg samarbeid, god ressursutnytting og eit sterktfagleg miljø.Sengeposten tek imot barn og unge med eit breitt spekter av medisinske, kirurgiske og ortopediske tilstandar, i tillegg til premature og sjuke nyfødde. Vi driftar eige akuttmottak for medisinske barn, samt avansert heimesjukehus (AHS) og Barnehus. Vi jobbar i akutte og tverrfaglege teamPoliklinikken tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging innom fleire fagområde, mellom anna astma og allergi, diabetes og endokrinologi, gastroenterologi, hjarte- og karsjukdommar, nevrologi, nyre- og urinvegssjukdommar og revmatologiHos oss får du arbeide i eit engasjert fagmiljø med stor fagleg breidde og gode moglegheiter til å utvikle deg innan fleire spesialområde.Stillinga inngår i tredelt turnus med arbeid kva tredje helg. Dersom det blir intern tilsetjing, kan det bli ledig vikariat. Vi ber søkjarar opplyse i søknaden om dei også ønskjer å bli vurderte for eit eventuelt vikariat.