Now hiring

Sjukepleiarar @ Helse Førde

LærdalOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Ønskjer du å bu på ein liten stad med store moglegheiter? Ønskjer du å arbeide ved eit lokalsjukehus og få stort fagleg utbytte? Då kan Lærdal sjukehus vere staden for deg! No søkjer vi sjukepleiarar til ledige stillingar ved medisinsk sengepost og dialyse. Medisinsk sengepost 80 % fast stilling frå snarast 100 % vikariat frå snarest til 01.09.2027 100 % vikariat frå 01.11.2026 - 01.11.2027 90 % vikariat frå 01.11.2026 - 01.11.2027 Kombinasjonsstilling medisinsk sengepost og dialyse 80 % fast stilling frå snarast Stillingane er i utgangspunktet ikkje planlagde delte. Vi ber om at søkjarane opplyser i søknaden kva for stilling(ar) dei ønskjer å bli vurderte for. Om medisinsk sengepostSengeposten har 14 senger, inkludert 2 overvakingssenger. Vi tek imot pasientar med eit breitt spekter av medisinske problemstillingar innan mellom anna hjarte-, lunge- og infeksjonssjukdomar. Dei fleste innleggingane er augeblikkeleg hjelp.Om dialysenDialysen er open mandag til lørdag.Kva kan vi tilby deg ved Lærdal sjukehusHos oss får du arbeide i eit godt fagmiljø der vi samarbeider tett på tvers av avdelingane. Vi er små nok til at folk kjenner kvarandre, men store nok til å tilby spennande faglege utfordringar og utviklingsmoglegheiter.Bu og arbeide i LærdalLærdal byr på storslåtte naturopplevingar rett utanfor døra og gode moglegheiter for friluftsliv året rundt. Med plassering mellom Bergen og Oslo er bygda eit naturleg knutepunkt. Sjukehuset disponerer også personalhytte på Filefjell. Meir informasjon om Lærdal finn du her: Lærdal kommune.Ønskjer du meir informasjon om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med einingsleiaren

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores