About this role
I Trollongane barnehage treng vi pedagogisk leiar i 100% fast og ein i 50% vikariat. Vikariatet er satt frem til 31/7 27, men det er stor moglegheit for forlenging.Trollongane barnehage er ein 5-avdelingsbarnehage med fantastiske lokale og moglegheiter. Me ligg sentrumsnært på Bryne i eit roleg nabolag. Me er ein moderne avdelingsbarnehage med eigne område for liten og stor, vassrom og eiga personalavdeling. Barnehagen er nytenkande og framtidsretta og har satsing på blant anna inspirerande og kreativ bruk av digital teknologi og realfag. Me er ein praksisbarnehage for barnehagelærarutdanninga med UIS, me har lærlingar og i tillegg har me elevar inne i praksis frå både ungdoms- og vidaregåande skule.