About this role
Det er ledig stilling som sokneprest i Nordre Sunnmøre prosti, med Stranda og Liabygda sokn som tenestestad.Saman med Norddal, Stordal, Sunnylven og Geiranger sokn utgjer dette eit samarbeidsområde med tre sokneprestar. Prostiet er tenestedistrikt. Prestane møtest regelmessig til kollega- og fagsamlingar. Der er tilsett to trusopplærar i tilsaman 150 % stilling. Dei deler arbeidet mellom alle sokna i samarbeidsområdet. Det er svært god oppslutning om konfirmasjon. Konfirmantane i Liabygda tek undervisninga i Valldal der dei går på ungdomsskule. Det er mellom 35 og 40 konfirmantar i Stranda. Det er også fleire felles arrangement for konfirmantane innan samarbeidsområdet. Soknepresten har hovudansvaret for konfirmantundervisninga, men trusopplærar er også med ved fleire høve. Soknerådet er også aktivt, og til stor støtte for soknepresten og det kyrkjelydsbyggjande arbeidet. Etter gjeldande gudstenesteforordning får Stranda sokn 41 hovudgudstenester på søn- og helgedagar, og Liabygda 16 for året. Andre prestar tek også gudstenester her.Stranda er ein jordbruks- og industrikommune. Her er godt utbygde servicenæringar, og mange bedrifter innan næringsmiddelindustri. Det er tilnærma full barnehagedekning. Kulturskulen har særs høg kvalitet og mange ulike retningar å velje mellom. Det er stor aktivitet innan fotball og handball. Stranda kommune ligg midt i hjartet av turismen på Vestlandet. Her er ein storslått natur prega av høge fjell og vakre, levande fjordbygder. Delar av Sunnmørsalpane ligg innanfor kommunegrensa og er eit eldorado for friluftsliv sommar som vinter. Stranda skisenter har 7 heiser og 18 nedfarter, og er rekna som eit av dei finaste skisentera i landet. I Stranda er det omsorgssenter, og i Liabygda omsorgsbustader. Soknepresten har regelmessig andakter på desse.Stranda kyrkje ligg i sentrum like ved prestegarden, og vart bygd i 1838. Det er god fergeforbindelse til Liabygda sokn. Kyrkja i Liabygda er ei vakker trekyrkje frå 1917. Kyrkjegarden er velstelt og omkransar kyrkja.I tettstaden Stranda finn du rådhus, bankar, butikkar, post, barnehagar, grunnskular, to vidaregåande skular, idrettshallar, regionalt kulturhus, kunstgrasbane, småbåthamn, helsesenter og eit bu- og aktivitetssenter for eldre. Stranda har organiserte fritidstilbod for alle aldersgrupper. Bussambanda til Ålesund, Oslo, Bergen og Trondheim er gode.Norsk Luthersk Misjonssamband eig og driv den vidaregåande internatskulen ”Vestborg” med ca. 80 elevar på Stranda. Dei har også eit barne- og ungdomsarbeid. Her er misjonsforeiningar for ytre- og indremisjon. Folkekyrkja står sterkt i dette området og innbyggjarane er glade i kyrkjene sine. Sokna ynskjer seg ein prest med visjonar og lyst til å vere med å drive kyrkjelydsarbeid for alle aldersgrupper. Ny gudstenesteordning og trusopplæringsplanar gir mange spennande utfordringar i tida framover.Velkomen til oss!