About this role
Det er ledig stilling som HR-leiar/Avdelingsleiar HR og organisasjonsutvikling ved Møre bispedømekontor. Vi søkjer etter ein HR-leiar som har framtidsperspektiv og gjennomføringsevne.Møre bispedømekontor er felles administrasjon for biskop og bispedømeråd. Kontoret og er i Molde og er i ferd med å flytte til Moldetrappa 2 i Romsdalskvartalet. Bispedømekontoret har omlag 9 årsverk og er organisert i to avdelingar med kvar sin leiar - "Kyrkjefag og samfunn" og "HR og organisasjonsutvikling". HR-leiar vil ha ei strategisk rolle med ansvar for å leie og utvikle HR- og arbeidsgjevaransvaret på vegner av biskop og bispedømeråd i nært samarbeid med stiftsdirektør og prostane i bispedømmet. HR-leiar vil ha ansvar for å koordinere HR-arbeidet i bispedømet, samarbeide med Kyrkjerådet si HR avdeling og dei nasjonale teama innan løn og økonomi. HR-avdelinga består for tida av ein leiar og to HR-rådgjevarar. HR-leiar er del av leiargruppa på bispedømekontoret. Møre bispedømeråd har arbeidsgjevaransvar for omlag 75 prester fordelt på 5 prosti og dei tilsette på bispedømekontoret. Samarbeidet med 26 kyrkjeverjer i dei kyrkjelege fellesråda er svært viktig. Møre bispedøme står framfor store oppgåver, både administrativt og organisatorisk, gjennom utvikling og arbeid innan bispedømet sin arbeidsgjevarpolitikk, personapolitikk og ressursforvaltning. Arbeidet med kyrkjeleg organisering på nasjonalt og regionalt nivå vil verke inn på fagområdet.Fleire opplysningar kan du finne på www.kyrkja.no/more eller ved kontakt med stiftsdirektør Bjørn Olaf Storhaug,