About this role
Er du ein prest med hjarte for kyrkjelydsarbeid, og med ungdom og unge vaksne i særskild fokus? Vil du vere ein del av eit inspirerande og dynamisk stabsfellesskap og ei stor prestegruppe i prostiet? Vi ser etter ein prest som er den lokale presten for befolkninga på Ellingsøya, og som samstundes har for auge å utvikle arbeidet med ungdom og unge vaksne i vårt sokn, gjerne i samarbeid med nabosokna. Du må vere ein trygg og samlande person med driv og vilje til å bygge opp og utvikle ungdomsarbeidet, samstundes som at du kan støtte opp under og utvikle det gode arbeidet som allereie finst på Ellingsøya. Stillinga er 60 % sokneprest for Ellingsøy sokn, og 40 % prostiprest. Nordre Sunnmøre prosti omfattar kommunane Ålesund, Giske, Sykkylven, Stranda og Fjord, med til saman 97000 innbyggjarar. Omlag 75 000 er medlemmer av DNK. Folketalet i prostiet er aukande, det gjeld og for Ellingsøy sokn som har mange yngre familiar.Ålesund er den største byen mellom Bergen og Trondheim og folketalet i kommuna er på omlag 65 000 innbyggjarar. Byen er eit dynamisk regionsentrum for Sunnmøre. Vigra lufthamn ligg ca 20 minutt unna Ellingsøy, og har flysamband til resten av Norge og til utlandet. Sjå www.alesund.kommune.no og http://www.kirken-aalesund.no/ for fleire opplysningar.Stillinga vil ha 60 % knytt til sokneprestarbeid i Ellingsøy sokn, og 40 % knytt til arbeid som prostiprest i prostiet. Ellingsøy sokn ligg i Ålesund kommune og utgjer saman med Borgund sokn eitt samarbeidsområde, med felles dagleg leiar. Soknet er langstrakt og er i endring med mykje utbygging og tilflytting. Det er kort avstand mellom Ellingsøy og Ålesund sentrum.Ellingsøy, kjend for sine mange bedrifter innan det marine/maritime, er eit sokn med ca. 2100 medlemer. Soknet har ei arbeidskyrkje vigsla i 1998 med ca. 400 sitjeplassar, stor kyrkjelydssal med scene og moderne lyd/lysanlegg, og kontor for tilsette. Frå Ellingsøy kyrkje til Borgund kyrkje er det 13 km. Ellingsøy bydel har to grunnskulekrinsar, den eine med ungdomsskule. Det er eit aktivt frivillig arbeid i kyrkja med ungdomsklubb, speidararbeid, kunstkafe, baby og småbarnsang, laurdagskafe, Time for tanken, og ettermiddagstreff. Soknet har ca. 30 konfirmantar pr. år. Det er godt samarbeid med Ellingsøy bedehus. Soknerådet ynskjer å prioritere arbeid for ungdom og familier, og at ein også ser mot dei mange utanlandske familiane som kjem til Ellingsøy i forbindelse med arbeid. Eit gamalt naust nedanfor kyrkja er restaurert og teke i bruk i arbeidet for barn og unge. I soknet ligg og eit bukollektiv for eldre som får regelmessig kyrkjeleg teneste.Dei to sokneprestane i samarbeidsområdet Ellingsøy sokn og Borgund sokn deler på tenesteveker. Ein må pårekne gudstenester i Borgund innimellom. Ellingsøy har organist i 50 % og kyrkjetenar i 25 % stilling. Diakon, ungdomsprest, kyrkjelydspedagog og dagleg leiar deler ein på i begge sokna.