About this role
Likar du ein variert arbeidskvardag der du får hjelpe både pasientar, pårørande og kollegaer? Då kan du vere den vi leitar etter.Som tilsett hos oss blir du sjukehuset sitt ansikt utad. Vi ser etter deg som møter pasientar, pårørande og kollegaer med openheit og hjelpsamheit, og som trivst med både sjølvstendige oppgåver og samarbeid med andre.Vi er om lag 25 kollegaer som sørgjer for at dei administrative oppgåvene i klinikken blir godt ivaretekne. Her jobbar vi med alt frå tilvisingar, skanning og arkiv til sentralbord og resepsjon. Vi er ei viktig støttefunksjon for gode og trygge pasientforløp.Stillingane vi no lyser ut, er knytte til sengepost og poliklinikk. Har du erfaring frå klinisk arbeid og ønskjer å bruke kompetansen din i ein meir kontorfagleg rolle? Då kan denne stillinga også vere aktuell for deg.Vil du bli ein del av laget vårt? Vi ser fram til å høyre frå deg – søk no!Dersom tilsette i Helse Fonna gjer gjeldande fortrinnsrett til høgare stillingsprosent, kan éi eller fleire av dei utlyste stillingane bli tilbydde med lågare stillingsprosent.