About this role
Har du erfaring med teknisk innkjøp og ynskjer nye utfordringar? Innkjøpsavdelinga styrkar satsinga på teknisk innkjøp med tre nye kollegaer til teamet, mellom anna to nyoppretta stillingar som teknisk innkjøpar.Som teknisk innkjøpar får du ei viktig rolle i anskaffingar knytt til drift, vedlikehald og tekniske prosjekt. Saman med fagansvarleg teknisk innkjøp og engasjerte kollegaer på teamet vil du samarbeide tett med tekniske fagmiljø, leverandørar og operativ verksemd. I denne stillinga får du påverke både strategiske og operative innkjøpsprosessar.Du blir del av eit kompetent fagmiljø med brei erfaring innan strategiske anskaffingar, kontraktsforvaltning og leverandørutvikling. I tillegg til tre nye stillingar, består teamet av fire erfarne innkjøpsrådgjevarar og innkjøpsleiar. Teamet samarbeider tett for å finne dei beste løysingane og skape verdi for Fjord1. Vi arbeider aktivt med kategoriutvikling, leverandøroppfølging, kontraktsforvaltning, forhandlingar og strategiske anskaffingar for å sikre kostnadseffektive, berekraftige og framtidsretta løysingar.Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet. Over halvparten av fartøya våre er elektriske, og vi utviklar verdas første sjølvgåande ferjer. Vi tør å påstå at vi er moderne, innovative og framtidsretta, og langt frå kjedelege! Med visjon om å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport held vi fram med å leie an i den maritime næringa.