About this role
Likar du ein aktiv og variert arbeidsdag, og trivst du med å yte god service? Då kan dette vere jobben for deg.Vi søkjer ein serviceinnstilt og ansvarsbevisst medarbeidar til ei fast 50 % stilling ved Lager Stord. Her får du ein variert arbeidskvardag med oppgåver innan lager, vareflyt, transport og portørtenester.Lager Stord har ei viktig rolle i den daglege drifta av sjukehuset. Vi sørgjer for at varer og utstyr kjem fram dit dei skal, og utfører transport- og serviceoppgåver for avdelingane.Stillinga inneber arbeid enkelte helger og heilagdagar.Vil du bli ein del av laget vårt på Stord sjukehus? Vi ser fram til å høyre frå deg.