Now hiring

Dekkssjef i 2:2 turnus @ Fjord1 AS

FøresvikOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi søker no etter ein dekkssjef til sambandet Arsvågen–Mortavika, p.t. MF Raunefjord. Arbeidsordninga er dagskift, 2 veker på og 2 veker fri, med ei arbeidsveke på 85 timar. Du kan reise heim etter endt vakt, men det er og mogleg å bu om bord dersom du ønsker det. Dette er ei ordning som gir god balanse mellom jobb, familieliv og fritid.Som dekkssjef vil du ha ei sentral rolle om bord, med ansvar for dekksavdelinga, navigasjonsutstyret og operativ leiing. Du vil vere kapteinen sin stedfortredar og bidra til at drifta går trygt, effektivt og i tråd med gjeldande regelverk og beste praksis. Arbeid om bord gir brei erfaring med manøvrering til og frå kai under utfordrande værforhold, stor trafikk og høgt tempo. Denne kombinasjonen gjer at ein utviklar verdifull kompetanse innan samarbeid, raske vurderingar og trygg handtering under press - erfaringar som er nyttige i vidare arbeid til sjøs.Ønskeleg med oppstart i november. Relevante kandidatar blir kontakta fortløpande.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores