Now hiring

Sjukepleiar @ HELSE MØRE OG ROMSDAL HF ADM/STØTTEFUNSKJONER - MOLDE

NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du bli ein del av eit supert arbeidsmiljø, med faglege og spennande utfordringar kvar dag? Sengepost nevrologi har no ledig ei fast 100 % stilling. Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og engasjert fagmiljø med høg kompetanse og varierte arbeidsdagar. Vi ser etter deg som trivst med pasientretta arbeid, både i samarbeid med andre og når du arbeider sjølvstendig. Du er positiv, fleksibel, nysgjerrig og tek initiativ i kvardagen. Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø, gode kollegaer, fagleg vekst, varierande og spennande oppgåver. Har du spørsmål om stillinga eller ønsker å vite meir om seksjonen, er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt. Ved interne omrokkeringar kan det òg bli ledig andre stillingsstorleikar. Kikk gjerne innom vår instagramkonto sengepostnevrologi_SNR. Arbeidsoppgåver Sjukepleie til den nevrologiske pasienten Stell og pleie Tverrfagleg samarbeid Bygge kompetanse og fag Rettleiing av sjukepleiestudentar Gjere seg kjent med og halde seg oppdatert på prosedyrer og retningslinjer på sengeposten News-målinger Observasjon Dokumentasjon Kvalifikasjonar Norsk autorisasjons som sjukepleiar Må beherske norsk, både skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Du har ønske om å jobbe med nevrologiske pasientar Du har gode samarbeidsevner, og evner å jobbe både i team og sjølvstendig Du har ei positiv innstilling og har evne til å ta initiativ Du er ansvarsfull, påliteleg, fleksibel og løysingsorientert Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her . Kontaktinformasjon Monika Bolsønes Knutsen, Seksjonsleiar, +47 915 73041 Arbeidsstad Opdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5167839795 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 08.09.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores