About this role
Er du ein engasjert person som kunne tenke deg å jobbe som el-kontrollør i Helse Møre og Romsdal? I stillinga vil du ha ansvar for å utføre og følge opp internkontroll og termofotografering ved foretaket sine lokasjonar. Avdeling for bygg og eigedom har ansvar for å drifte alle sjukehusa i fylket med tilhøyrande eksterne bygg. Stillinga er knytta til foretaket sine lokalisasjonar i Ålesund, Hjelset, Volda, Kristiansund. Stillinga vil disponere foretaket sine tenestebilar ved behov. Arbeidsoppgåver Elkontroll og termofotografering Oppfølging i sjukehuset si drift- og vedlikehaldssystem Delta ved tilsyn Oppfølging etter tilsyn Kvalifikasjonar Relevant fagskule-/ingeniørutdanning innan elektrofaget Minst 3 års praksis fra bygging og vedlikehald av elektriske anlegg etter endt utdanning Sertifisering iht. NEK 405-3 Opplæring i sikkerhetsforskrifter (FSE) Førerkort klasse B Personlege eigenskapar Du må vere løysingsorientert Du kan arbeide sjølvstendig, men også i samarbeid med andre Du har gode kommunikasjonseigenskapar Å vere personleg eigna vert vektlagd ved tilsetting Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her. KontaktinformasjonBritt Eli Gyldenskog, Seksjonsleiar, [email protected] ArbeidsstadOpdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5152569296 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 13.09.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal