Now hiring

Helsesekretær/sekretær @ HELSE MØRE OG ROMSDAL HF ADM/STØTTEFUNSKJONER - MOLDE

Norway (NO0A3)OnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Kirurgisk logistikk og kontor SNR har ledig to 100% stillingar som helsesekretær/sekretær. Ved kirurgisk logistikk og kontor SNR på Hjelset søkjer vi engasjerte helsesekretær/sekretær som ønsker ein variert og spennande arbeidskvardag. Arbeidet vil bestå av blant anna ekspedisjonsarbeid på ortopedisk poliklinikk, kirurgisk poliklinikk. Inntak poliklinikk og oppgåver på dokumentsenter i seksjonen. Vi samarbeidar tett med dei andre kirurgiske faga for å ha ein god flyt i arbeidskvardagen, der vi har høg fagleg kvalitet og pasientsikkerheit i fokus. Vi ser etter deg som trivst i eit aktivt miljø, tek ansvar og ønskjer å bidra til gode pasientopplevingar og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø. Ta gjerne kontakt for meir informasjon. Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag! Aktuelle kandidatar kan bli kontakta fortløpande. Startdato frå snarast! Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Arbeidsoppgåver Elektronisk pasientadministrativt arbeid som omfattar tilvising og ventelistearbeid, post- og oppgåvemeldingsarbeid, dokumentbehandling Pasientretta arbeidsoppgåver i ekspedisjonar, inntak poliklinikk, dokumentsenter og telefon som krev ein god del logistikk. Tett samarbeid med andre faggrupper som omfattar stor grad av kommunikasjon og utføring av oppgåver på tvers Ta del i utviklninga og forbedringsarbeidet i seksjonen Anna praktisk arbeid i logistikkflyt i seksjonen Anna forefallande arbeid Kvalifikasjonar Autorisasjon som helsesekretær er ein fordel, ellers relevant erfaring som sekretær Gode IT-kunnskapar Det er ein fordel med kjenneskap til HP. Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar Du er positiv og ein god relasjonsbyggjar Du må vere omstillingsdyktig då det skjer store endringar i organisasjonen vår Du er fleksibel, løysningsorientert og har stor arbeidskapasitet Du er god på å samarbeide på tvers av yrkesgrupper Du er fysisk og psykisk eigna for stillinga Du er fleksibel med tanke på variasjon i tildelte arbeidsoppgåver Å vere personleg eigna vil bli vektlagt Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår KontaktinformasjonCicilie Drågen Frendal, Seksjonsleiar, +47 48209533, [email protected] ArbeidsstedOpdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5146034918 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 31.07.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores