Now hiring

Sjukepleiar @ Helse Førde

FØRDEOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Medisinsk sengepost 1 ved Førde sentralsjukehus har ledige vikariat forsjukepleiar. Vi ønskjer søknader frå både nyutdanna og erfarne sjukepleiarar.Vi har tre ledige vikariat i 100 % stilling med oppstart snarast mogleg. Dersom du ønskjer deltidsstilling, kan vi også leggje til rette for dette.Medisinsk sengepost 1 jobbar i det nye sjukehuset (Liva bygget) og har spesialistar på tre hovudfagfelt: nyre-, diabetes- og endokrinologi, hjartesjukdommar og geriatri. Geriatri har også eigen poliklinikk i sengeposten (Svana). For deg som er nyutdanna er dette ein god plass å starte som sjukepleiar, her får du møte ei stor gruppe pasientar med varierte indremedisinske sjukdommar. Vi samarbeider tett med sengepost 2 som har spesialistar i fagfelta gastro, lunge & lungekreft og utgreiing. Hos oss får du ein variert og spennande arbeidskvardag saman med engasjerte og kompetente kollegaer som samarbeider tett og støttar kvarandre. Vi legg vekt på fagleg utvikling, kunnskapsdeling og eit godt arbeidsmiljø, og gir deg gode moglegheiter til å utvikle kompetansen din og få brei klinisk erfaring.Stillingane som blir lyst ut høyrer i hovudsak til fagfeltet hjartesjukdommar og ei stor overvekt av arbeidet vil være på dette teamet.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores