About this role
Nordfjord BUP har ledig 100 % engasjement som psykolog i inntil 3 år, med mulighet for fast tilsetting. Avdeling for psykisk helsevern barn og unge er delt i fire seksjonar, ein sengepost og tre poliklinikkar. Poliklinikken dekkjer geografisk kommunane Stad, Gloppen, Stryn og Måløy-delen av Kinn, som til saman har ei barnebefolkning i underkant av 7 000.Poliklinikken har 14 medarbeidarar i faggruppene overlege/LIS, psykologspesialistar/psykolog, sosionom/barnevernpedagog, pedagog, psykiatrisk sjukepleiar og miljøterapeut. Dei fleste er spesialistar i sitt fagfelt. Vi arbeider tverrfagleg i team. I tillegg har vi administrasjonskonsulent og sekretær, ein prosjektleiar for prosjektet integrerte tenester TAKT, og eit FACT Ung-team i samarbeid med Stad kommune.Vi legg stor vekt på godt samarbeid med førstelinja for å sikre at barn, unge og familiar får rett hjelp på rett nivå til rett tid. Nordfjord BUP sitt motto er: Vi utviklar oss i samspel heile livet!Vi søkjer ein medarbeider som er interessert i å jobbe med barn, unge og familiar, og som likar å samarbeide med andre for å få bidra til gode endringssprosessar. Vi ser særleg etter detg som ønskjer å arbeide i FACT Ung-teametVi oppmodar menn til å søkje.