About this role
Nordfjord BUP har ledig vikariat i 100% stilling som sekretær i perioden 01.12.2026 til 31.12.2027. Avdeling for psykisk helsevern barn og unge er organisert i fire seksjonar, ein sengepost og tre poliklinikkar. Kvar seksjon har sin eigen sekretær.Poliklinikken dekkjer geografisk kommunane Stad, Gloppen, Stryn og Måløy-delen av Kinn, som til saman har ei barnebefolkning i underkant av 7 000. Sekretæren har tett kontakt med pasientar, behandlarar og samarbeidspartnarar, og er ein viktig bidragsytar til god dagleg drift.Det er og eit tett samarbeid med dei andre sekretærane og konsulentane i avdelinga, Saman har de ansvar for å løyse dei merkantile arbeidsoppgåvene på ein god måte.