About this role
Vi søker no etter ein skipsmotormekanikar som kan styrke mannskapet på eitt av landets største ferjesamband, Arsvågen-Mortavika.I stillinga jobbar du 2 veker på og 2 veker fri, ei ordning som gir god balanse mellom jobb og fritid. Under arbeidsperiodane bur du om bord, og reise til og frå arbeidsperiodane blir dekt av rederiet.Som skipsmotormekanikar blir du ein viktig del av den daglege drifta om bord. Du jobbar tett saman med maskinistane og maskinsjefen, og deltek i maskinvakt, vedlikehald, feilsøking og oppgåver knytt til tryggleik og beredskap.Her får du moglegheit til å utvikle deg vidare innan maskinfaget og byggje kompetanse på gassfartøy – ei erfaring som er ettertrakta. Du blir ein del av eit trygt, inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø om bord, der samarbeidet på tvers av heile besetninga er ein naturleg del av kvardagen.Ønskeleg med oppstart snarast. Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande.