Now hiring

Lege i spesialisering (LIS2/3), Indremedisin @ Helse Fonna HF

STORDOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du spesialisere deg i generell indremedisin? Vi har 2 ledige stillingar frå 1.mars 2027: éi fast stilling og eitt vikariat med mulighet for forlengelse. Ved Medisinsk avdeling på Stord sjukehus aukar vi frå ni til ti LIS 2/3-stillingar. Vi har ei todeling av vaktdøgnet som gjer at du slepp å arbeide heile døgnvakter. Vi legg godt til rette for at du skal kunne gjennomføre alle anbefalte kurs for di spesialisering innan normert tid. Faste fordjupingsdagar er integrert i den rullerande vaktplanen.Som LIS 2/3 hos oss deltek du i vaktarbeid på akuttmottaket, i arbeid på sengepost og ved poliklinikk. Du får høve til å ta mykje ansvar, samtidig som du får tett oppfølging av våre erfarne overlegar innan indremedisin, lungemedisin, gastroenterologi, nefrologi og kardiologi.Hos oss får du oppfylt mange av læringsmåla innan indremedisin, lunge, nyre, gastro og kardiologi. Vi har eit samarbeid med Helse Bergen som gjer det mogleg å fullføre spesialiseringa di der. Om ønskjeleg kan vi også leggje til rette for at du fullfører spesialiseringa ved eit anna sjukehus.Utdanningsplan for spesialiseringa finn du ved å klikke på tekstenHer kan du lese meir om korleis det er å jobbe ved Stord sjukehus og bu i Sunnhordland👉 Søk i dag – aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju fortløpande!

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores