About this role
Vil du leie eit viktig fagmiljø der god mat, ernæring og kvalitet er avgjerande for helse, trivsel og livskvalitet?Ved Hogatunet bu- og behandlingssenter har vi ledig 100 % fast stilling som fagleiar for institusjonskjøkenet frå 01.12.2026.Vi søkjer ein engasjert, tydeleg og utviklingsorientert leiar som ønskjer å vidareutvikle eit kjøkken med høg aktivitet og ei sentral rolle i kommunen sine helse- og omsorgstenester. Du må trivast med endringsarbeid, kvalitetsutvikling og digitalisering, og ha evne til å motivere medarbeidarar gjennom utvikling og forbetring.Institusjonskjøkkenet produserer dagleg måltid etter kok/server-metoden til institusjon, bufellesskap, dagsenter og heimebuande. Vi leverer ernæringsrike og velsmakande måltid til om lag 120 brukarar kvar dag, og har eit breitt tilbod innan spesialkost, bakevarer og tradisjonsmat.Som fagleiar får du ansvar for den daglege drifta av kjøkkenet, og ei viktig rolle i vidare utvikling av tenesta. Du vil samarbeide tett med einingsleiar og relevante samarbeidspartnarar for å sikre kvalitet, mattryggleik, god ressursutnytting og eit framtidsretta kjøkkentilbod.