Now hiring

Avdelingsleiar psykisk helse og rus @ Stad kommune

NordfjordeidOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi søkjer ein engasjert og utviklingsorientert avdelingsleiar som ønskjer å vere med på å forme og vidareutvikle tenestene våre innan psykisk helse og rus.Meistring og psykisk helse er ei ny eining i Stad kommune, etablert som ein del av ei omorganisering av tidlegare Bu- og miljøtenesta. Eininga omfattar Myroldhaug psykisk helse og rus, Psykisk helseteam og uteteam og Barneavlastninga.Vi er opptekne av å utvikle gode, heilskaplege og framtidsretta tenester, der brukarmedverknad, meistring og tverrfagleg samarbeid står sentralt. Som del av ei ny eining vil du få høve til å vere med og påverke utviklinga av tenestene, bidra til gode samarbeidsformer på tvers av avdelingane og vere med på å forme korleis vi skal møte framtidige behov.Vi har no ledig ei 100 % stilling som avdelingsleiar for psykisk helseteam og uteteamet. Avdelinga har ni tilsette som saman arbeider for å gi individuelt tilpassa tenester til menneske med psykiske helseutfordringar og rusrelaterte vanskar.Som avdelingsleiar får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du kombinerer administrativ leiing med aktiv brukaroppfølging. Du vil få ansvar for den daglege drifta av avdelinga, samtidig som du får høve til å bruke din eigen fagkompetanse i direkte møte med brukarane.Avdelinga har eit tett samarbeid med FACT vaksen og FACT ung, som også er ein del av Stad kommune sitt samla tenestetilbod innan psykisk helse og rus. Saman arbeider vi for å sikre samanhengande tenester, god samhandling og rett hjelp til rett tid.Vi ser etter deg som ønskjer å skape gode resultat gjennom menneske, som trivst med ansvar, og som motiverast av å utvikle både medarbeidarar og tenester. Hos oss får du høve til å påverke utviklinga av ei ny eining og bidra til å forme framtidas tenester innan meistring og psykisk helse i Stad kommune.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores