Now hiring

Einingsleiar plan og forvaltning @ Stad kommune

NordfjordeidOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Stad kommune søkjer ein tydeleg, utviklingsorientert og samlande einingsleiar for plan og forvaltning.Som einingsleiar får du ei sentral rolle i utviklinga av kommunen og lokalsamfunna våre. Du skal leie eit kompetent fagmiljø og bidra til heilskapleg, føreseieleg og framtidsretta samfunnsutvikling og forvaltning. Stillinga inneber eit breitt ansvar i skjeringspunktet mellom fag, politikk, innbyggjarar og næringsliv.Stad kommune er inne i ei tid med utvikling og omstilling. Kommuneplanen sin samfunnsdel for 2026-2038 peikar retninga for den langsiktige utviklinga og er eit aktivt styringsverktøy for både politiske og administrative prioriteringar. Kommunen har starta opp arbeidet med ny kommuneplan for arealdelen (KPA) med målsetjing om å ha ny arealplan på plass i 2030. Plan og forvaltning har ei svært sentral rolle i dette arbeidet. Som vertskommune for Stad skipstunnel vil Stad kommune og plan og forvaltning vere ein viktig medspelar i å realisere verdas første skipstunnel.Som einingsleiar har du det overordna fag-, personal- og økonomiansvaret for eininga som i dag har 10 tilsette. Du skal utvikle eininga i tråd med kommunen sine mål og gjeldande lov- og avtaleverk. Du blir ein del av leiargruppa innan kommunalområdet kultur og samfunn der du rapporterer til kommunalsjef. Arbeidsstad er Nordfjordeid.Eininga plan og forvaltning har ansvar for oppgåver innan reguleringsplanar, byggesak, kart og oppmåling, geodata, landbruk, miljø. Landbruksoppgåver vert utført gjennom eit samarbeid med Gloppen kommune som er vertskommune for landbrukssamarbeidet.Stillinga byr på utfordrande arbeidsoppgåver, og krev god fagleg og administrativ kompetanse. Som leiar må du kunne støtte og utvikle medarbeidarane i eit tverrfagleg fagmiljø og sikre at kommunen følgjer gjeldande lovverk og politiske vedtak innan dei ulike fagområda.Du må ha evne til å motivere og inspirere medarbeidarane, og vere god til å kommunisere – både eksternt og internt. Kjennskap til offentleg sektor og politiske prosessar er avgjerande.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores