Now hiring

Helsefagarbeidarar i heimetenesta avd. Selje/Stadlandet @ Stad kommune

NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Er du helsefagarbeidar og vil vere med å forme framtidas heimetenester? Sjå her!

Stad kommune har ledig to 100 % vikariat som helsefagarbeidarar med tenestestad Selje/Stadlandet. Vikariata varer til 28.11.2027 med mogleg forlenging. Stillingane inkluderer 20 % frie timar og det vert nytta årsarbeidsplan som gir god fleksibilitet i planlegging av arbeidstid. Stillingane har i hovudsak tredelt turnus og arbeid tilsvarande kvar 3. helg. Det er høve til inngå avtale om å arbeide fleire helgar i årsplanen mot ekstra kompensasjon samt avtale om langvakter. Arbeidet foregår både i ambulerande heimeteneste og i bufellesskap. Stillinga er i hovudsak 100 %, men ønske om anna stillingsprosent kan vurderast.

Heimetenesta er ei av dei største einingane i Stad kommune og gir helsetenester til heimebuande i heile kommunen. Helsefagarbeidarar i heimetenesta har ansvarsfulle faglege oppgåver, du kan utvikle deg og påverke.Vi søkjer deg som er innovativ, motivert for endring, interessert i velferdsteknologi, jobbar for kontinuerleg forbetring, og som kan bidra med nye idear og perspektiv i tenesteutviklinga. Hos oss blir du del av eit sterkt fagmiljø med kollegaer som støttar, utfordrar og heiar på deg. Du får bruke din kompetanse i både prosedyrar og i det nære og relasjonelle arbeidet. Ingen dagar er like, men alle dagar er viktige! Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores