About this role
Ønskjer du ein meiningsfull og variert arbeidskvardag med faglege utfordringar og gode kollegaer? Då kan dette vere stillinga for deg!
Barneavlastinga i Stad kommune har ledig to vikariat:60 % vikariat som miljøterapeut i barnebustad med oppstart snarast, til 30. januar 2028 100 % vikariat som fagarbeidar i barneavlastinga, med oppstart i januar 2027, til 27. februar 2028 Barneavlastinga er ein del av eininga Meistring og psykisk helse og gjev avlastingstilbod til familiar med særleg tyngjande omsorgsoppgåver. Barna og ungdomane som nyttar tilbodet, har ulike behov for omsorg, støtte, oppfølging og tilrettelegging. Avdelinga har også ansvar for eit individuelt tilrettelagt tiltak med 2:1-bemanning.
Hos oss får du arbeide tett på barn og unge og bidra til eit trygt og godt omsorgs- og bumiljø, med fokus på meistring, utvikling og gode opplevingar i kvardagen. Vi har eit godt fagmiljø der samarbeid, engasjement og kvalitet i tenestene står sentralt.60 % vikariat - miljøterapeutTurnusen er lagt opp med langvakter knytte til eit individuelt tilrettelagt tiltak med 2:1-bemanning, i tillegg til vakter i Barneavlastinga. Det er arbeidshelg kvar fjerde helg, med langvakter.100 % vikariat – barne- og ungdomsarbeidarTurnusen er lagt opp med seinvakter, langvakter og nattevakter i barneavlastinga.
Det er arbeidshelg kvar fjerde helg, med langvakter. Begge stillingane inkluderer 20 % frie timar. Dette inneber at ein del av arbeidstida ikkje er fastsett i den ordinære turnusen, men blir disponert etter nærare avtale og behov i avdelinga.Vi ser etter deg som er engasjert, omsorgsfull og ønskjer å gjere ein skilnad i kvardagen til barn og unge. Du må kunne arbeide sjølvstendig, ta ansvar og samstundes trivast med tett samarbeid med kollegaer. Spesifiser i søknaden kva stilling du søkjer på.