About this role
Er du engasjert og omsorgsfull, og ønskjer å bidra til å skape ein trygg, kreativ og utviklande kvardag for barn? Flatraket barnehage har ledig 100 % fast stilling som barnehagelærar frå 18.03.2027. Barnehagen ligg sentralt på Flatraket, med gangavstand til skule, butikk, fotballbane og ein nydeleg natur med både fjell, skog og fjøre som vi lettvint kan gjere oss nytte av. Vi har eit tett samarbeid med skulen, og har mange felles aktivitetar gjennom året.
Barnehagen har dette året ei avdeling (frå 1-6 år), med 14 barn og 4 tilsette. Flatraket barnehage ønskjer å vere ein barnehage der alle barn og vaksne skal trivast og utvikle seg. Vi ynskjer å skape ein god og trygg kvardag for barn, foreldre og tilsette.Vi ynskjer å møte det einskilde barnet og familien med openheit og respekt.Vi ynskjer at kvardagane skal vere prega av glede og humor. Alt dette kan DU vere med på å vidareføre og utvikle, i eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø.
Som barnehagelærar hos oss får du ansvar for å arbeide systematisk og målretta med det pedagogiske arbeidet, og du vil vere ein viktig del av eit engasjert team som har barnas beste i fokus! Er du klar for å skape gode opplevingar og minner for barna, samtidig som du bidrar til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø? Vi gler oss til å høyre frå deg!